mandag 16. november 2009

Uventa støtte til misjonen

Michael Wyschogrod er ein ortodoks jødisk teolog som les Barth. Ein sjeldan fugl, altså, og ein som somme kristne teologar allereie har lært mykje frå. Dagens sitat kjem frå han.

Eg las for ei stund sidan Kendall Soulen si bok The God of Israel and Christian Theology, og har ikkje heilt kome til meg sjølv enno. Forfattaren prøvar å snu ting rette vegen igjen. Kristne har i alle år sett på kyrkja som sjølvsagt og Israel som problematisk, men dette må endrast.

Eg hugsar første gong det slo meg at noko er alvorleg feil i teologien vår på dette punktet. For nokre få år sidan var eg i kyrkja på min kjære heimstad og høyrte presten seie noko om "Israel, som var Guds folk då". Eg hugsar ingenting anna av preika, men denne frasa sette seg fast. Denne preika må ha vore om ein ukjend gud, for slik er ikkje Israels Gud - han som ikkje "angrar på sine nådegåver og si utveljing" og framleis elskar Israel "for fedrane skuld" (Rom 11,28).

Tru ikkje at eg med dette har vorte med på den subkristne galskapen til vestlandske endetidsprofetar! Men eg meinar at vi på spørsmålet om Israel og kyrkja verkeleg treng nytenking, eller rettare, nylesing. Ei slik nylesing av dette, las eg nettopp i Richard Hays si framleis glimrande Echoes of Scripture in the Letters of Paul. Kapitlet om Romerbrevet er det beste eg nokon gong har lest om det brevet. I følge Hays er ikkje det sentrale i spørsmålet i Romerbrevet korleis ein skal finne ein nådig Gud (Luthers kjente problem), men heller, "Har Gud vore trufast mot sine lovnader?". Og når ein les brevet med dette spørsmålet i minne og lyttar seg fram til den underliggande bibelbruken til Paulus, så opnar brevet seg og kastar heilt nytt lys over "problemet" Israel.

Men sjå, eg snakkar meg vekk! Det eg tenkte i dag var å ta fram eit sitat frå Michael Wyschogrod, som viser ei hjartevarmande opning mot kristne frå ein jødisk tenkar. Han prisar kyrkja for å spreie kunnskapen om Israels Gud over heile verda:

The wonder is that the nations ... have come within the orbit of the faith of Israel, experiencing man and history with Jewish categories deeply rooted in Jewish experience and sensibility. How can a Jewish theologian not perceive that something wonderful is at work here, something that must in some way be connected with the love of the God of Israel for all his children, Isaac as well as Ishmael, Jacob as well as Esau. (Sitert av Soulen, s. 10)

"... something wonderful is at work here ..." - eg trur eg veit kva Paulus ville ha sagt:

Å, for djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uransakelege hans dommar er, og kor ufattelege hans vegar! (Rom 11,33)
Vil du lære om Wyschogrod og hans teologi, finn du ei fin innføring her.

mandag 2. november 2009

Eit langt sukk

Atter ein gong, beklager den lange pausa. Oktober har vore ein travel månad. Vi håper på betre dagar i Jerusalem ein gong.

Eg har brukt nokre timar i kveld på ei bok som ikkje skal nemnast her. Boka er ikkje dårleg, eller rettare sagt, den er ikkje berre dårleg. Men vi let den ligge. Over til sukket den utløyste.

Forfattaren vil utfordre våre gudsbilete. Og det er jo greit, heilt greit, veldig greit, heilt uproblematisk greit faktisk. Men det som ikkje er greit er kriteriet hans for kva som er brukandes gudsbilete.

Slik eg forstår han skal eit gudsbilete vere tenleg for eit menneskeleg mål. Det skal gi deg eit godt sjølvbilete, håp for framtida og andre slike gode ting, og gudsbileta må dømast etter om dei hjelper mot slike mål.

Han meinar sjølvsagt ikkje at dette er det einaste kriteriet. Det er til dømes ikkje greit å berre dikte opp eit tenleg gudsbilete. Vi snakkar altså ikkje om eit kriterie for skaping av gudsbilete, men eit kriterie for utvelging blant dei bileta som fins i kjeldene for kristen teologi.

Slike pragmatiske kriterie for teologi er problematiske, sidan det til dømes er vanskeleg å sjå korleis ein teologi bygd på slike kriterie skal unngå å falle for Feuerbach sin kritikk av gudsbilete som projeksjon - bilete skapt av våre eigne ønske og behov. Og slik fell dei sjølvsagt også for ein kritikk langt viktigare enn Feuerbach sin, nemleg forbodet mot gudebilete. Men, seier du kanskje, denne kritikken rammar ikkje, sidan bileta vi vel mellom kjem frå Bibelen. Men eit slikt forsvar funkar ikkje. Eit bilete lausrive frå sin kanoniske samanheng kan tene som projeksjon så god som nokon, sidan delane ikkje har same status som heilskapen.

Og slik kan ein fortsette, men for å vere kort og tydeleg: Pragmatiske kriterie for teologi som dømer frå menneskeleg nytteverdi, slik vi tenker oss det, er eit dårleg kriterium. Men denne diskusjonen opnar ein annan, nemleg spørsmålet etter kva teologien skal dømast etter. Skal teologi vere brukandes, og kven skal i så tilfelle bruke den?

Dette heng saman med spørsmålet om teologi er vitenskap. Dette er eit punkt som har vorte offer for mykje unyttig polemikk. Sjølvsagt er ikkje teologi naturvitenskap, men det fins då meir vitenskap enn det. Her trur eg at kyrkja i Noreg hadde hatt godt av ei dose Thomas Torrance. I følge Torrance er vitenskap det som metodisk arbeidar for å forstå sitt objekt, og teologi er vitenskap så lenge den metodisk arbeidar for å forstå sitt objekt, som er Guds openberring i Kristus. Og dette er også det som kritiserar våre metoder, akkurat på same måte som til dømes i naturvitenskap. Det vi seier må altså kome frå objektet og metoda vår må vere tenleg for å forstå dette objektet.

Dette impliserar sjølvsagt også ein realistisk epistemologi, altså at vi trur vi arbeidar med noko som faktisk fins utanfor oss. Dette gjer til dømes at vi ikkje dømer evolusjonsteori etter om den er pragmatisk nyttig for oss - gir oss eit interessant sjølvbilete, eller anna slikt - men om den faktisk stemmer med det vi kan observere. Dette tyder ikkje at det ikkje er plass for tvil. Vitenskap er ein kontinuerleg prosess av kritikk. Men skilnaden frå slik konstruktivisme som fins i pragmatiske teologiar er opplagt: I realistisk vitenskap kjem justeringane, vrakinga av gamle standpunkt og modifisering av metoder frå det vi ser i objektet. Altså frå at det vi seier ikkje passar med det vi seier det om. Dette står i sterk motsetnad til ein del teologi der endring av metoder ser ut til å kome frå trøttheit hos forskaren. Ein arbeidar med ingenting og det fordrar ingenting - ein får kome seg gjennom dagen som best ein kan.

Ein realistisk vitenskapleg teologi vil sjølvsagt dømast etter andre kriterie enn om den berre gir deg noko. Teologien er brukandes viss den er brukandes til å forstå objektet sitt. Men det fører vidare til spørsmålet om kven som skal bruke teologien. Og her meinar eg det er viktig å halde fram at teologi ikkje handlar primært om kva vi skal gjere. Teologi handlar om kva Gud har gjort, gjer og kva han vil gjere. Våre handlingar i kyrkja er ikkje berre positiv symbolskaping eller rituell teambuilding, men det er Gud som handlar gjennom våre handlingar i kyrkja. Og det er også det viktigaste om bruken av teologi: Spørsmålet er ikkje kva vi kan bruke teologien vår til, men kva Gud brukar den til. Dette er ikkje hybris, dette er kristendom.




onsdag 30. september 2009

Dagens tips

Sjølv om det er mogleg at Apple er antikrist, så har dei sine stunder. ITunesU er dagens tips. Eg har gått på ein stødig diett Terry Eagleton i det siste, og viss du har lyst å høyre mannen så søk på han på ITunes. Dei forelesingane frå Yale som eg nemnte tidlegare fins der, men også ei forelesing om å lesa dikt, der Eagleton syng, gir deg ei mock-teoretisk utlegging av Bæ bæ lille lam - treng eg seia meir?

Gratis er det også.



tirsdag 22. september 2009

Trur du på Gud?

Eg las Marilynne Robinson sin nydelege roman Gilead for ei stund sidan. Eg skal ikkje skriva noko bokmelding av den - når ho fekk Pulitzer-prisen for ei sympatisk bok om ein Barth-lesande prest, seier det seg sjølv - dette er bra greier!

Dagens sitat kjem frå eg eit intervju med forfattaren. På spørsmål om ho trur på Gud, svarar ho nølande, som alle kristne bør, sidan den guden folk snakkar om ikkje er Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, men ein utruleg stor og flink, og litt skummel, go'kar. Men det ho svarar, er verdt å tenke på. Eg trur ho har rett.

I don’t think that we have a basis in our experience that allows us to put together a case for the existence of God. I don’t think that’s intended. I think that people who feel that they have to be able to put it together in that way, arrive at it rationally, as it were, simply lack acquaintance with the extreme fallibility and limitedness of human capacities for reason and for gathering relevant information and all the rest of it. I think the feeling of amazement that I think is appropriate to an alerted sense of what being is leads very naturally to deep comfort with the assumption of God.

Du finn resten av intervjuet her.

søndag 20. september 2009

Vel, vel, vel, det var uventa!

Eg oversåg denne då eg først såg den, fordi eg ikkje venta stort frå Stanley Fish (berre ein fordom). Men han har ei fin omtale av Eagleton si bok på NY-Times bloggen sin, her. Og her svarar han på kommentarar som den første provoserte fram frå sinte og frustrerte ateistar. (Har dei ein klubb, eller er det berre éin ateist som skriv i alle kommentarfelt som fins?)



torsdag 17. september 2009

I staden for å kaste vekk meir tid...

på å lese obskure bloggar, bør du lese Terry Eagleton si siste bok, Reason, Faith, and Revolution.

Boka er frå ei forelesingsrekke ved Yale. Dei har vore gode nok til å legge ut video av forelesingane her.

Eagleton er marxist, men teologien hans er likevel radikal, i god tyding. Han står langt borte frå våre norske radikale teologar, som i det heile er ein frykteleg gjeng av kyrkjebyråkrater med teologiske lese og skrivevanskar. Men posisjonen hans er kanskje langt frå dei fleste, eller som han seier det:

[...] holding views like this is an excellent strategy for anyone wishing to get rid of all their friends and colleagues at a stroke, providing as they do irritation from the secular left and outrage from the religious right. Left-wing Christians are in dire need of dating agencies.

Boka har undertittelen "Reflections on the God Debate", og dette er det polemiske bakteppet. Og sjølv om du finn mykje vittig i dei direkte konfrontasjonane han tek med Ditchkins, hans namn på Dawkins og Hitchens, så ligg det beste i boka i Eagleton sin eigen overraskande ortodokse teologi.

Boka har mange høgdepunkt. Til dømes er utlegginga av creatio ex nihilo i byrjinga av boka strålande. Han grip den sentrale frigjerande sanninga i dette: Livet er djupast sett meiningslaust; det tener ikkje noko anna mål enn seg sjølv. Og utlegginga hans av omvending er verdt heile boka.

God lesing!










torsdag 10. september 2009

Chesterton, Job og Gud

The riddles of God are more satisfying than the solutions of man.

Sitatet kjem frå eit essay av G.K. Chesterton om Jobs bok. På bakgrunn av ein slåande observasjon om forholdet mellom Gud og menneske i det gamle testamentet teiknar han eit skarpt portrett av Job og Gud. Dette er høgre skepsis.

Du finn det her.