Atter ein gong, beklager den lange pausa. Oktober har vore ein travel månad. Vi håper på betre dagar i Jerusalem ein gong.
Forfattaren vil utfordre våre gudsbilete. Og det er jo greit, heilt greit, veldig greit, heilt uproblematisk greit faktisk. Men det som ikkje er greit er kriteriet hans for kva som er brukandes gudsbilete.
Slik eg forstår han skal eit gudsbilete vere tenleg for eit menneskeleg mål. Det skal gi deg eit godt sjølvbilete, håp for framtida og andre slike gode ting, og gudsbileta må dømast etter om dei hjelper mot slike mål.
Han meinar sjølvsagt ikkje at dette er det einaste kriteriet. Det er til dømes ikkje greit å berre dikte opp eit tenleg gudsbilete. Vi snakkar altså ikkje om eit kriterie for skaping av gudsbilete, men eit kriterie for utvelging blant dei bileta som fins i kjeldene for kristen teologi.
Slike pragmatiske kriterie for teologi er problematiske, sidan det til dømes er vanskeleg å sjå korleis ein teologi bygd på slike kriterie skal unngå å falle for Feuerbach sin kritikk av gudsbilete som projeksjon - bilete skapt av våre eigne ønske og behov. Og slik fell dei sjølvsagt også for ein kritikk langt viktigare enn Feuerbach sin, nemleg forbodet mot gudebilete. Men, seier du kanskje, denne kritikken rammar ikkje, sidan bileta vi vel mellom kjem frå Bibelen. Men eit slikt forsvar funkar ikkje. Eit bilete lausrive frå sin kanoniske samanheng kan tene som projeksjon så god som nokon, sidan delane ikkje har same status som heilskapen.
Og slik kan ein fortsette, men for å vere kort og tydeleg: Pragmatiske kriterie for teologi som dømer frå menneskeleg nytteverdi, slik vi tenker oss det, er eit dårleg kriterium. Men denne diskusjonen opnar ein annan, nemleg spørsmålet etter kva teologien skal dømast etter. Skal teologi vere brukandes, og kven skal i så tilfelle bruke den?
Dette heng saman med spørsmålet om teologi er vitenskap. Dette er eit punkt som har vorte offer for mykje unyttig polemikk. Sjølvsagt er ikkje teologi naturvitenskap, men det fins då meir vitenskap enn det. Her trur eg at kyrkja i Noreg hadde hatt godt av ei dose Thomas Torrance. I følge Torrance er vitenskap det som metodisk arbeidar for å forstå sitt objekt, og teologi er vitenskap så lenge den metodisk arbeidar for å forstå sitt objekt, som er Guds openberring i Kristus. Og dette er også det som kritiserar våre metoder, akkurat på same måte som til dømes i naturvitenskap. Det vi seier må altså kome frå objektet og metoda vår må vere tenleg for å forstå dette objektet.
Dette impliserar sjølvsagt også ein realistisk epistemologi, altså at vi trur vi arbeidar med noko som faktisk fins utanfor oss. Dette gjer til dømes at vi ikkje dømer evolusjonsteori etter om den er pragmatisk nyttig for oss - gir oss eit interessant sjølvbilete, eller anna slikt - men om den faktisk stemmer med det vi kan observere. Dette tyder ikkje at det ikkje er plass for tvil. Vitenskap er ein kontinuerleg prosess av kritikk. Men skilnaden frå slik konstruktivisme som fins i pragmatiske teologiar er opplagt: I realistisk vitenskap kjem justeringane, vrakinga av gamle standpunkt og modifisering av metoder frå det vi ser i objektet. Altså frå at det vi seier ikkje passar med det vi seier det om. Dette står i sterk motsetnad til ein del teologi der endring av metoder ser ut til å kome frå trøttheit hos forskaren. Ein arbeidar med ingenting og det fordrar ingenting - ein får kome seg gjennom dagen som best ein kan.
Ein realistisk vitenskapleg teologi vil sjølvsagt dømast etter andre kriterie enn om den berre gir deg noko. Teologien er brukandes viss den er brukandes til å forstå objektet sitt. Men det fører vidare til spørsmålet om kven som skal bruke teologien. Og her meinar eg det er viktig å halde fram at teologi ikkje handlar primært om kva vi skal gjere. Teologi handlar om kva Gud har gjort, gjer og kva han vil gjere. Våre handlingar i kyrkja er ikkje berre positiv symbolskaping eller rituell teambuilding, men det er Gud som handlar gjennom våre handlingar i kyrkja. Og det er også det viktigaste om bruken av teologi: Spørsmålet er ikkje kva vi kan bruke teologien vår til, men kva Gud brukar den til. Dette er ikkje hybris, dette er kristendom.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar